bordheimvegen-brun

VELKOMEN

Natur, Kultur og Helse på øko-garden Aalstveit i Hemsedal.

Her får du ein unik oppleving av Natur, Kultur og Helse der friluftsliv, kultur og tradisjonar, naturterapi og naturleg helse står i ein avgjort og bevisst heilskap. All drift og utvikling blir basert på ein økologisk tankegang, der vi prøver å spele på lag med jorda, skogen, landskapet og klima.

Vi deler praksis og erfaringer frå denne livstilen gjennom nettverk, samlinger, kurs, turar, seminar, teneste m.m.

Vi kallar verksemda:

 

HeimVegen

Ta gjerne kontakt om du vil ha meir info. Best via e-post.

bordheimvegen-brun

Aktivitetstilbod

Friluftsliv & villmark

Ver med på opplevingene på ski, til fots, ved bålet, ved stølen, med sauene, med handverk, i fjell og skog, med bogen… Kurs, Seminar, Dagsturar m.m..

Behandling

På Aalsvteit har vi eit behandlingsrom med roleg atmosfære. Rosenmetoden

Kurs/ Retreat/ Seminar

Kurs, retreat og vegleiing i mindfulness, stressmeistring, Qi Gong, verjetrening og sjølvforsvar, m.m.. Ved å gjenoppdage i seg sjølv ein naturleg flyt, avspenning og ro kan ein betre meistre dei praktiske og dynamiske utfordringane i kvardagen.

Inn på tunet

Tilboda våre eignar seg best for ungdommar og vaksne med behov for: Arbeidstrening Rehabilitering Stress-meistring Grønn resept

Gardsprodukter

Produkter frå Gamalnorsk Spælsau, som skinn, horn, ull. Vi lagar også handsydde produkter, som feller, tøflar, knappar og andre småting, – og gjerne på bestilling. Unike produkter med historie…

Kurslokalar

Mjølkefjøset er ombygd til kurslokalar og treningssal. Nærleik til naturen og privat plassering gjer dette til ein flott plass for grupper. Treningssalen har mjukt golv og spegel langs veggene. Garderober, kjøkken og teori / møterom i tilknytning til salen.

Nørelistølen

På stølen vår, ved Lykkja i Hemsedal, har vi ein hytte til utleige. Gamal stølsbygning med fantastisk plassering, der ein verkeleg kan finne roen, og puste ut. Autentisk og ekte, slik dei hadde det før i tida, og fortsatt har det mange plasser.

Meditasjon & Kampkunst

Vi er eit trenings- og kompetansesenter for meditasjon og kampkunst. Velkomen!

Nytt frå Garden

Opningstid Gardsutsal

Me har opent ein fast dag i gardsbutikken. Fredagar kl.12-18. Ellers etter avtale. Tlf.993 20 971. Velkomen innom for ein kikk, bestilling eller handel.

Les meir »
Skroll til toppen